Bautastein ved resegreftene

Når hurtigbåten langs vestlandskysten i dag stryk gjennom Boknasundet, fylgjer den det som har vore kyststamvegen i uminnelege tider. Fornminna langs sundet er eit bevis for kva makt som låg ved dette trafikale senteret. Her var det også godt høve til å kombinera jordbruk med fiske og fangst.

Då biskop Neumann i 1838 la ut på Bokn-visitt, rapporterte han om to runde gravrøyser på Austre Bokn og om 43 røyser eller steinkretser på motsatt side, på Alvestad, Sæbø og Boknaberg. Boknasundet er eit storhaugsenter. Det største gravfeltet blir kalla "Resegreftene" og ligg på Alvestad.

Kontaktinformasjon

Bautastein ved resegreftene Adresse:
Alvestad, 5561, Bokn
 
Nettside:
www.bokn.kommune.no
 
Telefon:
52 75 25 00
 

Også i nærheten

Arkelogisk Museum
Bakkaåno Camping & Gjestegard
Bautastein ved resegreftene
Bed & Breakfast i Gamle Skudeneshavn
Copyright © Nordsjøvegen - Drive The Viking Path. Powered By New Mind | tellUs       •      Design & utvikling: DESTINO © Publiseringsløsning | Destinet