Tungenes Fyr

Tungenes utgjer den nordlege enden av Jæren, og byrjinga på innseglinga til Stavanger. Eit fyr vart etablert her i 1828, etter initiativ frå både byborgarar og sildefiskarar. I dag er fyret kulturarena og museum og drivast i samarbeid med Jærmuseet.

Nokre talglys i eit loftsvindu i Tungevågen leidde fiskarane inn til Stavanger, og silda gav byen store inntekter. Fyret blei seinare oppgradert og modernisert og utgjorde etter kvart eit viktig seglingsmerke for all skipstrafikk i området. Etter siste utbygging i 1959 består anlegget av fire bygningar: fyrbygning, uthus, fyrvoktar- og fyrbetjentbolig.
I 1984 blei fyret avfolka og erstatta med ei lykt på skjæret "Bragen" utanfor neset. Tungenes Fyr er i dag først og fremst eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig aktivitetstilbod. I fyrbygningen kan du oppleva korleis fyrvaktaren og familien hans budde på 1930-talet, i uthuset finn du ulike temautstillingar.
Kaféen tilbyr god kaffimat
Tungenes og områda rundt er populære utfartsstader for befolkninga i Sør-Rogaland og for turistar. Naturopplevingane er storslåtte og rike i all slags vêr og til alle tider, med skipsleia utanfor har ein alltid ein følelse av at noko skjer her. Mange kombinerar besøket på Tungenes med ein gåtur i Tungevågen.

Kontaktinformasjon

Tungenes Fyr Adresse:
Tungenesveien 217, 4070 Randaberg
 
Telefon:
(+47) 47 77 60 20
 
Åpningstider:
01.01.0001 - 01.01.0001

Også i nærheten

Arkelogisk Museum
Bakkaåno Camping & Gjestegard
Bed & Breakfast i Gamle Skudeneshavn
Best Western Havly Hotell
Bokn Bygdemuseum
Bru kultursti
Copyright © Nordsjøvegen - Drive The Viking Path. Powered By New Mind | tellUs       •      Design & utvikling: DESTINO © Publiseringsløsning | Destinet