Vistehola

Vistehola, eller Svarthåla, ligg ved foten av ein bratt, aust-vest gåande skiferknaus eit par hundre meter opp frå stranda på nordsida av Vistevika. (Sjå kart her [ReadSpeaker docReader] ). På avstand virker hola djup, mørk og hemmeleg. Difor kalte Randabergfolk staden for "Svarthåla", heilt fram til arkeologar for 75 år sidan byrja sine første undersøkingar, og endra navnet til Vistehola. 
I 1907 foretok konservator Tor Helliesen ei mindre undersøking i hola sin austre del. Det vart funne restar etter ein gammal boplass og skjelettdelar av fleire menneske, blant anna eit nesten komplett skjelett av ein omlag 15 år gammal gut - Visteguten.Det 7 500 år gamle skjelettet av Visteguten er det mest komplette steinalderskjelettet vi har, og det tredje eldste skjelettfunnet i Noreg i det heile. I dag er den mørke hovudskallen og beina utstilte i ein glasmonter på Arkeologisk museum i Stavanger.

Kontaktinformasjon

Vistehola Adresse:
Vistnes, Randaberg. Følg skilt
 
Telefon:
51 41 41 00
 
Åpningstider:
01.01.0001 - 01.01.0001

Også i nærheten

Arkelogisk Museum
Bakkaåno Camping & Gjestegard
Bed & Breakfast i Gamle Skudeneshavn
Best Western Havly Hotell
Copyright © Nordsjøvegen - Drive The Viking Path. Powered By New Mind | tellUs       •      Design & utvikling: DESTINO © Publiseringsløsning | Destinet