Obrestad Hytteutleige

Oppdatert: 27. nov. 2023

Obrestad hytteutleige er eit samarbeidsprosjekt mellom tre naboar på Obrestad. Me kan tilby kan tilby 6 hytter i det opne jærlandskapet, - under ein mektig himmel og med storhavet som næraste nabo.

"Her susar vinden dag og natt. Og gråveret ligg lågt yvi viddi, der haren rømer frå stein til stein og allslags brun og spettut og vill fugl ligg i løynde reir og blinkar og blundar." (Frå "Fred" av Arne Garborg)

Her kan du få oppleva Jæren sin flotte og mektige natur, der vinden er kjenneteiknet. Naturopplevingar finn du like ved, og de kan få oppleva alt Jæren har å by på.
 

Besøksadresse: Håvegen 160 & 190, 4365 Nærbø

Booking: www.obrestadhytte.com

For Brekkebu & Høyloftet

Telefon: +47 969 46 332

For Stolpabua & Havsyn

Telefon: +47 922 933 12


    7930
    0