Nasjonal Turistveg Jæren

Oppdatert: april 15


Kulturlandskap ved fylkesveg 44 - høg himmel, vid horisont og endelaust hav, eit evig skiftande ver og lys, milevis av sandstrender og sanddyner avløyst av rullestein og lakseelvar.



Dette er Noreg sitt matfat med intensivt jordbruk i eit flatt, vidstrakt og velstelt kulturlandskap i eit område med mildt heilårsklima.


“Kvassheim fyr blei sett opp i Ognabukta i 1912. Saman med Obrestad og Feistein fyr skulle Kvassheim leie skipstrafikken trygt forbi Jærkysten. Kvassheim var i drift fram til 1990. Fyret er restaurert og ombygd og inneheld utstillingar om redningshistoria og om naturen på Jæren og ein liten kafé. ”

Kysten langs Jæren ligg open mot havet og har frå gammalt av vore rekna som ein av dei farlegaste langs norskekysten. Den store utbygginga av Jærfyra tok til på midten av 1800-tallet. Oppgåva var å leia båttrafikken på Nordsjøhavet trygt forbi Jærkysten i hardt ver, mørke og skodde. I løpet av åra blei det bygt ei rekke nye fyr, med fyret på Kvassheim som stod ferdig i 1912 som det siste. Avstikkar ned til fyret på Kvassheim og andre kulturminne, rullesteinar og sanddyner gir spanande opplevingar av hav og historie. Jæren er med sine vel 1000 km2 det største låglandsområdet i Noreg og landskapet endar i lange sandstrender som kan gi den vegfarande avveksling på bilturen. Nasjonal turistveg Jæren går mellom Ogna og Bore og er 41 kilometer lang.

Varhaug gamle kirkegard. På Varhaug har det vore kyrkje sidan 1200-talet. Den gamle kyrkja blei rive i 1905 og erstatta med eit lite gravkapell. Kyrkjegarden ligg vakkert til ut mot havet. Her står også eit monument over ni russiske sjøfolk som blei skylt på land etter at marinefartøyet «Ingermanland» forliste i 1842.

Nordsjøvegen magasinet

OPPLEVELSER SOM SOM PERLER PÅ EN SNOR

Nordsjøvegen byr på et stort mangfold av opplevelser langs hele reiseruten. Bruk en dag, en uke eller en måned. Uansett hvor lang din reise blir, vil du oppleve et stort mangfold av opplevelser.

 

Les magasinet online

 

Kontakt oss 

På grunn av Coronaviruset kan informasjon om åpning og besøk avvike - se nettsidene til bedriftene for mer info 

Nordsjøvegen
Grenseveien 21, 4313 Sandnes
Telefon: 47 30 70 75
E-post: post@nordsjovegen.no

 

© 2020 Nordsjøvegen. DesignStrek