top of page

Hå Gamle Prestegard

Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg.

Hå gamle prestegard er ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria. Anlegget, som ligg ved havet, består av ulike jærhus, som våningshus og andre driftsbygningar.


Anlegget har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og kulturhistoriske utstillingar, kommisjonssal av kunst, kafé med lokale matvarer, seminar og utleige av lokale. I tillegg leigar me ut til overnatting på Obrestad fyr.

Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg.

Hå gamle prestegard er ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria. Anlegget, som ligg ved havet, består av ulike jærhus, som våningshus og andre driftsbygningar.

Anlegget har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og kulturhistoriske utstillingar, kommisjonssal av kunst, kafé med lokale matvarer, seminar og utleige av lokale. I tillegg leigar me ut til overnatting på Obrestad fyr. Me arrangerer konsertar og konferansar, og litteratur- og temakveldar. Omvising etter avtale.


Prestegarden er ein av dei mest besøkte utfartsstadene på Jæren, og er eit godt utgangspunkt for kortare og lengre turar langs Kongevegen og Nordsjøvegen. 


Kafe

Kaféen på Hå gamle prestegard har unike lokalar i ein storslått natur. Me legg vekt på kortreist mat frå lokale produsentar. Menyen varierer frå dag til dag. Du får godt brød med pålegg og tilbehør, heimelaga suppe, grov "skjeva" med Jarlsberg produsert på Nærbø med meir. Me har alltid heimebaka lefse og kaker. 


Obrestad Fyr

Obrestad fyr er frå 1873. Det vert automatisert i 1991. I 2006 kjøpte Hå kommune  fyret av Kystverket. Eit mål med kjøpet er å bevare kulturen og historia til anlegget, og vise korleis fyr kan nyttast i nye samanhengar.Sjølve fyrbygningen er i dag fyrmuseum og står slik det var i 1991.


Telefon: +47 51 79 16 60

 

488 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Lyngdal

bottom of page