top of page

Obrestad Fyr

Oppdatert: 9. apr.

Obrestad fyr ble bygd i 1873. Fyret ligger på en odde på toppen av en flat morenerygg som går rett ned mot havet. Fyret er i dag et kulturhistorisk anlegg. Fyrbygningen er museum med faste og temporære utstillinger. Fyrboligene blir leid ut året rundt til overnatting, møter, seminarer og selskap. Fyret er et godt utgangspunkt for kortere og lengre turer langs havet.


Obrestad fyr er frå 1873. Det vert automatisert i 1991. I 2006 kjøpte Hå kommune  fyret av Kystverket. Eit mål med kjøpet er å bevare kulturen og historia til anlegget, og vise korleis fyr kan nyttast i nye samanhengar. Sjølve fyrbygningen er i dag fyrmuseum og står slik det var i 1991.

Obrestad Fyr

Overnatting på fyret året rundt, ei unik oppleving i allslags ver.

Husa der fyrvaktarane og familiane deira budde er i dag brukt til utleige heile året. Tre bueiningar kan leigast til overnatting og ein bustad kan leigast til seminar og selskap. Alle husa har unik utsikt mot havet og mot Høg-Jæren og vindmøllene. Fyret og bustadane har originale fasadar slik dei var i 1991 då dei blei flytta frå. Inne er dei modernisert. Boligane er smakfullt og moderne innreia. Sjå overnatting for oversikt over bueiningane med prisar.

Fyrmuseet og bustadane er drifta av Hå gamle prestegard. Obrestad fyr er ein del av Hå kommune sin kulturminnevernplan. 


Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg.

Hå gamle prestegard er ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria. Anlegget, som ligg ved havet, består av ulike jærhus, som våningshus og andre driftsbygningar.

Anlegget har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og kulturhistoriske utstillingar, kommisjonssal av kunst, kafé med lokale matvarer, seminar og utleige av lokale. I tillegg leigar me ut til overnatting på Obrestad fyr. Me arrangerer konsertar og konferansar, og litteratur- og temakveldar. Omvising etter avtale.


Prestegarden er ein av dei mest besøkte utfartsstadene på Jæren, og er eit godt utgangspunkt for kortare og lengre turar langs Kongevegen og Nordsjøvegen. 


Kafe

Kaféen på Hå gamle prestegard har unike lokalar i ein storslått natur. Me legg vekt på kortreist mat frå lokale produsentar. Menyen varierer frå dag til dag. Du får godt brød med pålegg og tilbehør, heimelaga suppe, grov "skjeva" med Jarlsberg produsert på Nærbø med meir. Me har alltid heimebaka lefse og kaker. 


Telefon: +47 51 79 16 60

 

639 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page